top of page

Sorg..

20111103-131751-lm.jpg

Når du mistar ein som står deg nær:

Dei fleste vil oppleve ein dag å være næraste pårørande ved eit dødsfall.
Kanskje det kjem plutseleg og uventa ? Forventa eller uventa, det er ein ny situasjon som er tung og vanskeleg å klara.

Sorg er ein naturleg reaksjon på tap av ein som står deg nær.

 

I dei seinare åra er me blitt meir og meir klar over kor viktig det er at dei etterlatne vågar å akseptere si sorg og ikkje flykta frå den.

Sorga er ikkje lik hjå alle. Den varierar i styrke og opplevast ulikt.
 Den som sørger sin personlighet og forhold til den avdøde er berre to av faktorene som avgjer korleis sorga kjem til uttrykk.

​

Fordi sorg opplevast og vert uttrykt ulikt, er det viktig å ha respekt for kvart enkelt menneske sin sorgreaksjon, både din egen og andres.

Ta borna med, og la dei stilla spørsmål.

Dersom sorga vert  vanskeleg, er det  mogleg å få hjelp.

​

Ein vil alltid finne folk ein kan snakka med og i enkelte områder finst det sorggrupper og ulike tilbod.

​

​

Relaterte Lenkjer:

​

- Helsenorge.no - Sorg og reaksjon i forbindelse med dødsfall

​

Å miste eit barn...

Det å mista eit barn er vondt og uvirkelig. Det er noko av det verste ein kan tenke seg. Midt i sorgen over å skulle ta farvel med eit barn, møter ein på mange praktiske oppgaver som ein må ta stilling til.

Valga du gjer, er viktige for deg/dykk vidare i livet.

​

Lytt til dykk sjølve og hvarandre i planleggingsprosessen og sett dykkar personlege preg på seremonien. Dykk velg sjølv kva og kor mye dykk ynskje og klarer å gjere sjølv. Ved å delta i dei praktiske forberedelsane gjer dykk noko meningsfylt for barnet og dykk sjølve. Dette vil dykk settja pris på senere.

​

Har de andre barn, er det viktig å involvere dei i planlegginga av begravelsen. Er det noko de ynskjer å gjere eller lage som ein siste helsing? Tenk også igjennom korleis de kan få delta under selve gravferda på sin eigen måte. Les meir om Barns sorg.

​

​

Relaterte lenkjer:

​

- Valg og viktige avgjørelser

- Praktiske Råd

- Foreldres rettigheiter

- Parforhold og sorg ved tap av barn (pdf)

​

​

bottom of page