Transport og henting
Dødsfall på institusjon som sjukeheim eller sjukehus:
Ved dødsfall på eit sjukehus flyttast avdøde først til kjølerom. Dei fleste sjukehus har eige kapell i tilknytning til kjølerommet.
Her er det anleiing til å sjå den avdøde. Vi sørger for vidare transport på eit seinere tidspunkt.
Ved dødsfall på institusjon eller sjukehjem med eige kjølerom, sørger personalet for at avdøde blir flytta hit.
I så fall kan avdøde hentast seinere.
Nokon institusjonar har ikkje eige kjølerom og avdøde må derfor hentast på rommet. I samråd med pårørande og personalet på avdelinga vil vi bistå med henting til avtalt tid. Den avdøde blir så flytta til næraste sjukehus eller mottakskapell. Mange institusjonar ynskjer at hentinga skal skje i kiste, og du vil derfor måtte ta eit valg på kva slags kiste dykk vil benytte.
Sjå kister eller ta kontakt med oss.
- Forskrift om dekning av utgifter til båretransport i Norge
- Stønad ved båretransport (NAV)
Dødsfall i heimen eller utanfor institusjon:
Tilkall næraste legevakt. Legen vil fylle ut dødsattesten, gi praktisk informasjon om kva som skjer vidare og be deg ta kontakt med eit begravelsesbyrå.
Dødsattesten må være utfylt før avdøde kan flyttast.
Avdøde blir vanlegvis transportert til kjølerom på næraste sjukehus eller mottakskapell.
Nummedal Gravferdsbyrå har ein døgnåpen vakttjeneste og kan bistå med dette.
I dei fleste tilfeller hentar vi på båre, og transporterar avdøde til ein eigna oppbevaringsstad.
Nokon ynskjer at avdøde blir henta med ein gang, mens andre ynskjer meir tid til avskjeden.
OBS!.. Dersom det er mistanke om unaturleg dødsfall eller at ein døyr uventa åleine, har legen ansvar for å kontakta politi som vurderer situasjonen.
Pårørande kontakta etterpå begravelsesbyrået.
- Forskrift om dekning av utgifter til båretransport i Noreg
- Stønad ved båretransport (NAV)
Dødsfall i utlandet:
Når dødsfall har skjedd i utlandet må pårørande ta kontakt med begravelsesbyrået og avdødes forsikringsselskap.
Til forsikringsselskapet må ein oppgi navn på det begravelsesbyrået ein vel, samt telefon og e-post adresse.
Kostnadar ved heimtransport dekkast av avdødes reiseforsikring. Dersom avdøde ikkje hadde teikna reiseforsikring må pårørande sjølv ta kostnaden med heimtransport. Ta kontakt med oss for nærmare informasjon.
- Skattetaten: Når norsk statsborder døyr i utlandet.
- Transport til og fra utland (Nav)
Avdødes verdigjenstander og klede:
Hvis dødsfallet skjer i heimen, blir verdisaker tekne av og lagt att der. Kleda avdøde har på seg følger vanlegvis båra.
Dette avtalast saman med pårørende. Det er og mulig å sende med klede som avdøde skal ha på, i kista.
På institusjonar som sjukehus og sjukehjem blir verdisaker tekne av og lagt i institusjonens safe.
Desse kan hentast ut av nærmaste pårørende mot framvisning av skifteattest.
Skjer dødsfallet ute, er politiet ofte tilstades, og verdisaker blir då sendt med båra.