Hjelp ved dødsfall
Å planlegge ei gravferd er ei tung oppgåve midt i sorga. Ein må ta ein del avgjerder, som kan bli viktige for ettertida.
Når en av dine nærmeste døyr og du ringer begravelsesbyrået, treng vi avdødes navn og kvar dødsfallet har funne stad.
Kva som skjer vidare avhenger kvar dødsfallet har skjedd.
Vakt Telefon 918 85 770
Dødsfall på institusjon som sjukeheim eller sjukehus:
Personalet på institusjonen kontaktar lege. Legen skriv då ut dødsattest/erklæring om dødsfall.
Pårørande tek sjølv kontakt med begravelsesbyrået.
Når dødsfall skjer på sjukeheim vil begravelsesbyrået leggje avdøde i kiste, og sørge for transport til kjølerom på sjukehus eller avtalt seremonistad.
Dødsfall i heimen eller utanfor institusjon:
Pårørande kontaktar lege. Legen skriv ut erklæring om dødsfall/dødsattest. Dersom det er mistanke om unaturleg dødsfall eller at ein dør uventa åleine, har legen ansvar for å kontakte politi som vurderer situasjonen.
Pårørande kontakta etterpå begravelsesbyrået.
Ved dødsfall i heimen hentar vi vanlegvis avdøde på båre, og transporterer avdøde til sjukehus der vedkommande blir stelt og lagt i kiste. Kista vil deretter bli fraktet vidare til avtalt seremonistad.
Dødsfall i utlandet:
Når dødsfall har skjedd i utlandet må pårørande ta kontakt med begravelsesbyrået og avdødes forsikringsselskap. Til forsikringsselskapet må ein oppgi navn på det begravelsesbyrået ein velger, samt telefon og e-mail adresse dit.
Kostnadar ved heimtransport dekkast av avdødes reiseforsikring.
Dersom avdøde ikkje hadde tegna reiseforsikring må pårørande sjølv ta kostnaden med heimtransport.
Ta kontakt for nærmare informasjon.