Valg av seremoni:

 

 

Ein verdig minneshøytideligheit skal gi rom for både sorg og ettertanke. Det finnest i dag fleire alternativ for seremoni.

Den vanligaste er kyrkjeleg seremoni, enten det er Den norske kyrkje eller eit anna kyrkjesamfunn som bistår.

Eit anna alternativ er Humanistisk seremoni. Eit tredje alternativ som har komme dei siste åra er Livssynsnøytral seremoni. 

 

Kyrkjeleg, Humanistisk og Livssynsnøytral seremoni skil seg frå hvarandre, men mye er sjølvsagt også felles. Alle dei tre formene for seremoni gir rom for personlege valg. Særleg gjeld dette for musikk og ord som skal fylgja.

 

Nummedal Begravelsebyrå er behjelpelege med å finne den personlige tonen.

Den som skal forrette under seremonien vil ta kontakt med familie for å få nærmare informasjon om avdøde.

Aktuelle personlege innslag i ein seremoni kan være solosang, diktlesning, pårørende seier nokre ord om avdøde (gjerne i tillegg til presten). Ein av pårørande kan også lese opp hilsener på kransar og dekorasjonar.

I tillegg kan sangvalget pregast av sanger avdøde hadde eit forhold til.

Kyrkjeleg seremoni

 

Kyrkjelige seremoniar ved begravelse og bisettelse kan sjå slik ut:

 

• Inngangsmusikk • Klokkeringing • Musikk/solosang • Salme • Minnetale/kransepålegg

• Skriftlesing • (Musikk/solosang) • Prestens tale • Salme • Musikk imens kista blir boren ut

 

Ved begravelse blir kista boren ut til gravstaden. Salme ved grava fylgjast så av jord-påkastelse, senking og avsluttande salme. Ved bisettelse følgjer jordpåkastelse, senking av kista, salme og musikk/solosang. Kista kan eventuelt følgjast ut til ventande bårebil.

 

Humanistisk (v/Human-Etisk Forbund) og Lissynsnøytral seremoni

Begge desse alternativa vil følgje omtrent same modell som kyrkjeleg seremoni, men med andre valg når det gjeld tale, opplesing og sanger.

Vakttelefon: 918 85 770                                     Epost: post@nummedalen.no