top of page
Arveoppgjer og skifte

Et arveoppgjør er fremmande for dei fleste, og ofte veit ein ikkje korleis ein skal begynne. Vi opplev at mange pårørande er overraska over alle skjema og papir som må ordnast i etterkant av eit dødsfall.

Sjølv om familieforholda og dødsboene ikkje er spesielt kompliserte, kan oppgava med å fylla ut dei korrekte skjema i riktig rekkefølgje og med dei rette fullmaktane følast uoverkommelige for mange.

​

Det kan også vere fleire måtar å gjere opp eit dødsbo på som kan påvirka rettigheitar og pliktar. Andre gangar kan det vere aktuelt med uskifte for gjenlevande ektefelle. Arveavgiften blei fjerna i 2014, men i visse tilfelle må den forsatt betalast. Sjå her.

Tjenester knytta til arveoppgjer, familierett og generasjonsskifte

​

For å starte skifteprosessen må arvingane på eige initiativ retta ein forespørsel til retten. Dette gjer ein normalt ved å sende inn eit skjema der ein oppgir kva slags skifteform ein ynskjer. Først då kan retten utsteda ein skifteattest, som gir arvingane muligheit til å disponera over boet. Du kan laste ned skjema på papirer og skjemaer linken her.

Då det finnest fleire mulige skifteformer anbefalar vi arvingane å undersøkje nøye kva slags skjema og framgangsmåta som er mest hensiktsmessige i deira tilfelle. Dette valget er ikkje nødvendigvis gitt. Vi anbefalar derfor at du kvalitetsikrar dine valg før du velger skifteform.

Kven kan gi enkel og praktisk hjelp?

​

Kven kan ein snakka med for å finna ut om ein i det hele tatt treng hjelp, eller om ein med enkel veiledning kan ta hånd om det meste sjølv? Vi som arbeidar som gravferdskonsulentar er diverre ikkje juristar, og det ligg utanfor vårt fagområde å gi råd om arv og skifte. For best muleg hjelp kan ein ta kontakt med tingretten i ditt distrikt eller f.eks eit advokatfirma. For meir informasjon sjå her.

bottom of page